Medjugorje Budskapene containing 'som'

Total found: 347
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt! "
"Kjære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet. Satan vil arbeide endå meir intenst for å ta bort gleda frå kvar og ein av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de skal koma nærare Faderen og at Han alltid vil gje rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk for siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av fastetida vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å gje bodskapar. Gud tillet meg det. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn, gje dei lyset! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg takkar dykk for at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å gje bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å gje dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag takkar eg dykk for kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg for kvart hjarte som blir opna for Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene for opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg be dykk om å ta til å arbeide i hjarto dykkar, på same måten som de arbeider ute på jordene. Arbeid og endre hjarto dykkar slik at ein ny ande frå Gud kan få sin plass i hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å be med hjartet, og ikkje berre av vane. Nokre kjem, men ynskjer ikkje å koma framover i bøn. Difor vil eg åtvare dykk som ei mor: Be om at bøn alltid fyller hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dagane som kjem vil det koma folk frå alle nasjonar til soknet. Og no kallar eg dykk til å elske: Elsk fyrst av alt medlemme i dykkar eigne husstandar, og så vil de bli i stand til å akseptere og elske alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Til denne festdagen (årsmarkeringa) ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for han som er Herre for alle hjarto. Gje meg alle kjenslene dykkar og alle dykkar problem! Eg ynskjer å trøyste dykk i alle dykkar prøvingar. Eg ynskjer å fylle dykk med fred, glede og kjærleik frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Eg inviterer dykk til å oppmode alle om å be rosenkransen. Med rosenkransen vil de halde ut all motgang som Satan prøver å tilføre Den katolske kyrkja. Alle de prestar, be rosenkransen! Vie tida dykkar til rosenkransen! "
Denne bodskapen er svaret som Marija Pavlovic fekk på følgjande spørsmål: Jomfru Maria, kva ynskjer du å seia til prestar?
"Kjære barn! Gjennom bodskapen eg gjev dykk i dag ynskjer eg å kalle dykk til å vera audmjuke. Desse dagane har de følt stor glede på grunn av alle menneska som har kome hit, og som de med kjærleik har kunna fortelja om opplevingane dykkar. No inviterer eg dykk til å halde fram med å vera audmjuke og tala med eit ope hjarte til alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag velsignar eg dykk og eg ynskjer å fortelja dykk at eg elskar dykk, og at eg innstendig bed dykk om å etterleva bodskapane mine. I dag velsignar eg dykk med den høgtidelege velsigninga som Den Allmektige gev meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag vil eg fortelja dykk at Gud vil sende dykk prøvingar, som de kan overvinne gjennom bøn. Gud prøver dykk gjennom det daglege arbeidet. Be no om fredfullt å stå imot alle prøvingar. Gjennom alle prøvingane frå Gud, vær opne for Gud og nærm dykk Han med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt til krossen i heimane dykkar. Lov meg at de korkje vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk om audmjukt til å etterleva alle bodskapane eg gjev dykk. Bli ikkje arrogante når de etterlever bodskapane ved å seia "eg etterlever bodskapane". Om de ber bodskapane i hjarto dykkar og etterlever dei, vil alle føle det slik at det ikkje er bruk for ord, som berre tener dei som ikkje vil lytte. De, kjære barn, treng berre å leva og vitne med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "
   




To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 18 Next>>

For at Gud skal leve i hjertene deres, må dere elske.

`