Medjugorje Budskapene containing 'dykk'

Total found: 131
"Kjære barn! Min invitasjon for jula er at me saman lovprisar Jesus. Eg gjev han til dykk på ein spesiell måte den dagen og eg inviterer dykk med meg til å prise Jesus ved Hans fødsel. Kjære barn, be meir og tenk meir på Jesus den dagen. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg vil takke alle som har lytta til mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik. Overgjev hjarto dykkar til meg! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg kallar dykk til å bestemme dykk for å tene Gud fullstendig. Eg bønfell dykk, kjære barn, om å overgje dykk fullt og heilt til Gud, og så skal de bli i stand til å etterleva alt eg fortel dykk. Det vil ikkje bli vanskeleg for dykk å overgje dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg oppmodar dykk gjennom bønene dykkar til å hjelpe Jesus med å fullføre alle planane som han har lagt her. Gje dykkar offer til Jesus slik at alt kan bli fullført slik Han har planlagt det og at Satan ikkje får utretta noko. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Også i dag kaller eg dykk til bøn. Bønene dykkar er nødvendige for meg slik at Gud kan bli herleggjord gjennom dykk alle. Eg ber dykk, kjære barn, om å lytte til og etterleva kallet frå Mor dykkar, fordi eg kallar dykk berre av kjærleik, slik at eg kan hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! På nytt inviterer eg dykk til å be med hjartet. Om de ber med hjartet, kjære barn, vil dei iskalde hjarto til brørne dykkar smelte og alle hindringar vil forsvinne. Omvending vil bli lett for dei som ynskjer å ta imot ho. Du må be om at naboen din må få denne gåva. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk alle til å be om at Guds planar for oss må bli realiserte, og at alt som Gud ynskjer gjennom dykk kan bli fullført! Hjelp andre med å bli omvende, særleg dei som kjem til Medjugorje. Kjære barn, lat ikkje Satan få kontroll i hjarto dykkar, slik at de blir ei etterlikning av Satan og ikkje av meg. Eg kallar dykk til å be slik at de kan bli vitne for mitt nærvær. Utan dykk kan ikkje Gud realisere det Han ynskjer. Gud har gjeve alle ei fri vilje, og de kontrollerer ho. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Denne fastetida er ei spesiell oppmoding for dykk til å endre dykk. Start frå no av. Slå av fjernsynet og fornekt andre ting som ikkje har nokon verdi. Kjære barn, eg kallar kvar og ein av dykk til omvending. Denne tida er for dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Den andre bodskapen i denne fastetida er at de fornyar bøna framføre krossen. Kjære barn, eg gjev dykk særskild nåde, og Jesus gjev dykk særskilde gåver frå krossen. Ta imot dei og opplev dei! Tenk på Jesu pinsle og forein dykk med Jesus i liva dykkar! Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Etterlev med audmjuke bodskapane eg gjev dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å opne dykk meir for Gud, så vil Gud arbeide gjennom dykk. Til meir de opnar dykk, til større frukter vil de motta. Eg ynskjer på nytt å kalle dykk til bøn. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å oppleva denne fastetida med dei små offera dykkar. Takk for alle offera de har kome med til meg. Kjære barn, lev slik heile tida og hjelp meg med kjærleik å bringe offer. Gud vil løne dykk for det. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til meir aktiv bøn. De ynskjer å verkeleggjera alt eg fortel dykk, men de klarar det ikkje fordi de ikkje ber. Kjære barn, eg bønnfell dykk om å opne dykk, og at de tek til å be. Om de startar, skal bøn bli til glede for dykk og det vil ikkje bli kjedeleg, fordi de vil be med glede. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å takke dykk for alle offer, og eg kallar dykk til det største av alle offer, kjærleikens offer. Utan kjærleik kan de korkje godta meg eller Sonen min. Utan kjærleik kan de ikkje fortelja om erfaringane dykkar til andre. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å ta til å leva med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ynskjer å invitere dykk til å leva i den heilage messe. Mange av dykk har følt kor vakker den heilage messe er, men det er også dei som kjem med uvilje. Eg har valt dykk, kjære barn, men Jesus gjev sine nådegåver til dykk i messa. Lev difor medvetne med i den heilage messe og lat det vera ei glede for dykk å koma. Kom og ta imot den heilage messe med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De er opptekne av materielle ting, men i det materielle mistar de alt Gud har lyst til å gje dykk. Eg kallar dykk, kjære barn, til å be om gåvene til Den Heilage Ande, som de treng om de skal klare å vitne om mitt nærver her og alt det eg gjev dykk. Kjære barn, overgjev dykk til meg så eg kan vise dykk vegen. Bli ikkje opptekne av materielle ting. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk til bøn. Kjære barn, de har gløymt at de alle er viktige. Særleg dei eldre i familien er viktige. Oppmod dei til å be. Lat alle dei unge bli gode eksempel for andre med liva sine, og lat dei vitne om Jesus. Kjære barn, eg tryglar dykk om å ta til å forandre dykk gjennom bøn, så skal de få vita kva de treng å gjera. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! Eg ber dykk om å ta til å forandre liva i familiane dykkar. Lat familien bli ein harmonisk blomst som eg kan gje til Jesus. Kjære barn, lat kvar familie bli oppteken av bøn, for eg ynskjer ein dag å sjå fruktene i familiane. Berre på den måten vil eg gje dykk alle som kronblad, som ei gåve til Jesus i samband med fullføringa av Guds plan. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! De er ansvarlege for bodskapane. Her er kjelda av nåde, men det er de kjære barn, som overfører gåvene. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til å gjera jobben dykkar med ansvar. Alle skal svara for seg sjølve. Kjære barn, eg kallar dykk til å gje gåvene med kjærleik til andre, utan å halde dei for dykk sjølve. Takk for at de har svara på mitt kall. "
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å gje meg dykkar hjarte, slik at eg kan endre det slik at det liknar på mitt. De spør, kjære barn, kvifor de ikkje kan svara på alt eg søkjer hjå dykk. Det er de ikkje i stand til fordi de ikkje har gjeve meg hjarta dykkar slik at eg kan endre det. De pratar, men gjer ikkje. Eg kallar dykk til å gjera alt det eg fortel dykk. På den måten vil eg vera med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "
   




To compare Medjugorje messages with another language versions choose

For at Gud skal leve i hjertene deres, må dere elske.

`