Medjugorje Budskapene containing 'vil'
Total found:
238
Budskapet, 1.mars 1984
"
K
jære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag
vil
eg koma med ein bodskap til dykk.
"
Budskapet, 8.mars 1984
"
T
akk for at de svara på mitt kall! Kjære barn, de i soknet, omvend dykk. Det er mitt andre ynskje. På den måten
vil
alle som kjem hit bli i stand til å omvende seg.
"
Budskapet, 2.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud
vil
gje dykk gåver som
vil
få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de
vil
be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.juli 1984
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å seia dykk, be alltid føre arbeidet dykkar og avslutt arbeidet med bøn. Om de gjer det,
vil
Gud velsigne dykk og arbeidet dykkar. Desse dagane har de bede for lite og arbeidd for mykje. Be difor. I bøn
vil
de finne kvile. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.juli 1984
"
K
jære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg
vil
be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.september 1984
"
K
jære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer på kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, så
vil
de sjå kor mykje synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.oktober 1984
"
K
jære barn! I dag
vil
eg fortelja dykk at de, på nytt og på nytt,gjer meg glad med bønene dykkar, men det er mange nok av dei i dette soknet som ikkje ber, og det gjer hjartet mitt sørgjelegt. Difor, be om at eg kan bringe alle dykkar offer og bøner til Herren. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.oktober 1984
"
K
jære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg
vil
gje han til dykk. De skal berre be og Gud
vil
gje dykk den nåde de søkjer. Eg
vil
hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 15.november 1984
"
K
jære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane som eg gjev dykk. No
vil
eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 6.desember 1984
"
K
jære barn! Desse dagane inviterer eg dykk til å be i familiane. Mange gonger har eg gjeve dykk bodskapar i namnet åt Gud, en de har ikkje høyrt på meg. Denne jula
vil
bli ugløymeleg for dykk berre dersom de tek imot bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, lat ikkje denne gledesfylte dagen bli min mest sorgtunge dag. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg
vil
at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.desember 1984
Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:
"
E
g ynskjer at de skal vera ein blome som
vil
blomstre for Jesus til jul, og ein blome som ikkje
vil
halde opp med å blomstre når jula er over. Eg
vil
at hjarto dykkar skal vera gjetarar for Jesus.
"
Budskapet, 27.desember 1984
"
K
jære barn! Denne jula ynskte Satan på ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med på fyrste juledag. Men Gud
vil
vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.januar 1985
"
K
jære barn! I dag
vil
eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg
vil
halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.januar 1985
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"
M
ine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg
vil
be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt!
"
Budskapet, 24.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet. Satan
vil
arbeide endå meir intenst for å ta bort gleda frå kvar og ein av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.januar 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de skal koma nærare Faderen og at Han alltid
vil
gje rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.februar 1985
"
K
jære barn! I dag er dagen då eg gjev dykk ein bodskap til soknet, men heile soknet tek ikkje imot bodskapane og etterlever dei ikkje. Eg er skuffa og eg
vil
at de, kjære barn, skal lytte til meg og etterleva bodskapane mine. Alle familiane må be familiebøner og lesa i Bibelen! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.februar 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å leva ordet denne veka: "Eg elskar Gud!" Kjære barn, gjennom kjærleik
vil
de oppnå alt - til og med det de trur er umuleg. Gud
vil
at dette soknet skal tilhøyre Han heilt. Og det ynskjer eg òg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
Next>>