Medjugorje Budskapene containing 'til'
Total found:
495
Budskapet, 5.juni 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk
til
å bestemme dykk om de er viljuge
til
å etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Eg ynskjer at de aktivt etterlever og vidarefører bodskapane. Kjære barn, eg ynskjer særleg at de alle blir ei etterlikning av Jesu lys, for å opplyse denne vantruande verda som vandrar i mørke. Eg ynskjer at de skal vera som lys for andre og vera vitne med lyset. Kjære barn, de er ikkje kalla
til
mørket, men
til
lyset. Lev difor lyset med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.juni 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk
til
å begynne å be rosenkransen med ei levande tru. På den måten vil eg vera i stand
til
å hjelpe dykk. De, kjære barn, ynskjer å motta nåde utan at de ber. Eg kan ikkje hjelpe dykk, fordi de kjem ikkje i gang. Kjære barn, eg kallar dykk
til
å be rosenkransen, og at det å be rosenkrasen blir ei plikt for dykk som de vil fullføre med glede. På den måten skal de forstå grunnen
til
at eg er med dykk så lenge. Eg ynskjer å lære dykk å be. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.juni 1986
"
K
jære barn! I desse dagane tillet Herren meg å gje dykk meir nåde gjennom mi forbøn. Difor oppmodar eg dykk nok ein gong
til
å be, kjære barn! Be utan opphald! På den måten vil eg gje dykk gleda som Herren gjev
til
meg. Med desse nådegåvene, kjære barn, ynskjer eg at dykkar lidingar blir
til
glede. Eg er Mor dykkar, og eg ynskjer å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.juni 1986
"
K
jære barn! Gud tillet meg saman med Han å verkeleggjera denne oasa av fred. Eg ynskjer at de skal passe på ho, og at denne oasa alltid blir rein. Det finst dei som med si aktløyse øydelegg roa og bøna. Eg kallar dykk
til
å vitne med dykkar eige liv slik at de opprettheld freden. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 3.juli 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk alle
til
bøn. Utan bøn, kjære barn, er de ikkje i stand
til
å oppleva korkje Gud, eller meg, eller den nåde eg gjev dykk. Difor oppmodar eg dykk
til
alltid å starte og avslutte dagen med bøn. Kjære barn, eg ynskjer dagleg å leie dykk meir og meir i bøn, men de er ikkje i stand
til
å vekse fordi de ikke ynskjer det. Mi oppmoding, kjære barn, er at de set bøn på fyrste plass. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.juli 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk
til
det heilage. Utan det heilage kan de ikkje leva. Med kjærleik kan de difor overkoma all synd og alle vanskar som kjem
til
dykk. Kjære barn, eg tryglar dykk om å leva med kjærleik i dykk sjølve. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 17.juli 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk
til
å tenkje over kvifor eg er med dykk så lenge. Eg er meklaren mellom dykk og Gud. Difor, kjære barn, ynskjer eg å kalle dykk
til
alltid å leva i kjærleik, alt det Gud ynskjer av dykk. Av den grunn, kjære barn, etterlev med audmjuke alle bodskapane eg gjev dykk.Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.juli 1986
"
K
jære barn! Eg glær meg over alle som er på veg mot det heilage, og eg ber om at de med dykkar eigne vitnesbyrd hjelper dei som ikkje veit korleis dei skal leva heilagt. Difor, kjære barn, lat familiane dykkar bli ein stad der det heilage blir fødd. Hjelp alle
til
å leva på ein heilag måte, særleg familiane dykkar.Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.juli 1986
"
K
jære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn
til
nokon eller noko.Eg kallar dykk
til
alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som Satan ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.august 1986
"
K
jære barn! Eg kallar dykk
til
at bønene dykkar blir gledelege møte med Herren. Eg kan ikkje leie dykk før de kjenner glede ved bøn. Frå dag
til
dag ynskjer eg å leie dykk meir og meir i bøn, men eg ynskjer ikkje å tvinge dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.august 1986
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for kjærleiken de syner meg. Veit de, kjære barn, at eg elskar dykk utan grenser og dagleg ber eg Herren om å hjelpe dykk
til
å forstå kjærleiken eg syner dykk. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.august 1986
"
K
jære barn! Eg kallar dykk
til
å vera eksempel for andre i alt, særskilt i bøn og vitnesbyrd! Kjære barn, utan dykk kan eg ikkje hjelpe verda. Eg ynskjer at de samarbeider med meg i alt, sjølv i dei minste tinga. Difor, kjære barn, hjelp meg ved å lata bønene dykkar koma frå hjartet, og at alle overgjev seg fullstendig
til
meg. På den måten skal eg vera i stand
til
å lære og leie dykk på vegen som eg har begynt med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.september 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk
til
bøn og faste. De veit, kjære barn, at med dykkar hjelp kan eg fullføra alt og tvinga Satan
til
ikkje å lokke
til
det vonde og å fjerna han frå denne staden. Kjære barn, Satan ligg på lur etter kvar person. Særleg i det daglege ynskjer han å spreie forvirring mellom kvar og ein av dykk. Difor kallar eg dykk, kjære barn,
til
at dagane dykkar berre blir fylde av bøn og at de overgjev dykk heilt
til
Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.september 1986
"
K
jære barn! I desse dagane når de glade lovprisar krossen, ynskjer eg at krossen dykkar også vil bli
til
glede for dykk. Kjære barn, be særleg om at de blir i stand
til
å akseptere sjukdom og lidingar med kjærleik, på same måte som Jesus gjorde. Berre på den måten blir eg i stand
til
med glede å gje dykk den nåde og dei helbredingar som Jesus tillet meg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.september 1986
"
K
jære barn! Med dykkar eigen fred kallar eg dykk
til
å hjelpe andre med å sjå og å begynne med å leite etter fred. De er i fred, kjære barn, og forstår ikkje ufred. Difor kallar eg dykk slik at de gjennom bøn og liva dykkar hjelper
til
med å øydeleggje alt som er vondt i folk, og å avdekkje narreriet som Satan brukar. De skal be om at sanninga må vinne i alle hjarte. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 2.oktober 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk på nytt
til
bøn. De, kjære barn, er ikkje i stand
til
å forstå kor stor verdien av bøn er, så lenge de sjølve ikkje seier; no er det tid for å be, no er ikkje noko anna viktig for meg, no er ikkje nokon annan enn Gud viktig for meg. Kjære barn, vie dykk med kjærleik
til
bøn, slik at Gud blir i stand
til
å gje dykk nåde. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.oktober 1986
"
K
jære barn! De veit at eg ynskjer å leie dykk på den heilage vegen, men eg vil ikkje tvinge dykk
til
å bli helgnar. Eg ynskjer at kvar og ein av dykk med små avkall hjelper dykk sjølve og meg, slik at eg frå dag
til
dag kan leie dykk
til
å bli meir heilage. Difor, kjære barn, ynskjer eg ikkje å tvinge dykk
til
å etterleva bodskapane, men at eg er med dykk så lenge er eit teikn på at eg elskar dykk umåteleg, og at eg ynskjer at kvar og ein skal bli heilag.Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.oktober 1986
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor mykje eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk
til
bøn og fullstendig overgjeving
til
Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 23.oktober 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk på nytt om å be. Eg ber dykk særskilt om å be om fred, kjære barn. Utan dykkar bøner, kjære barn, kan eg ikkje hjelpe
til
med å oppfylle bodskapane eg fekk frå Herren for å gje
til
dykk. Difor, kjære barn, be slik at de gjennom bøn vil forstå kva Gud gjev dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 30.oktober 1986
"
K
jære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk
til
på fullt alvor å ta imot og etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, det er for dykkar skuld eg har vorte her så lenge for å hjelpe dykk med å verkeleggjera alle dei bodskapane eg gjev dykk. Difor, kjære barn, oppfyll av kjærleik
til
meg alle bodskapane eg gjev dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
...
25
Next>>