Medjugorje Budskapene containing 'til'
Total found:
495
Budskapet, 25.juli 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk
til
å lytte
til
bodskapane mine, og så vil de bli i stand
til
å etterleva alt det Gud ber meg overføre
til
dykk. Opne dykk sjølve for Gud så vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å gje dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 1.august 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk
til
overgjeving
til
meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk
til
Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 8.august 1985
"
K
jære barn! Særleg no i dag inviterer eg dykk
til
å ta opp kampen mot Satan med bøn. Satan vil kjempe endå meir no når de veit at han er i arbeid. Kjære barn, rust dykk for kamp og nedkjemp han med rosenkransen i hendene. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.august 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk
til
bøn, særskilt fordi Satan ynskjer å misbruke avkastninga av vinåkrane dykkar. Be om at Satan ikkje lukkast i planen sin. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.september 1985
"
K
jære barn! I dag takkar eg dykk for alle bønene. Hald fram med å be endå meir slik at Satan held seg langt unna denne staden. Kjære barn, planen
til
Satan har mislukkast. Be om fullføring av det Gud planlegg i dette soknet. Eg takkar særskilt dei unge for offergåvene dei har gjeve. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.september 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt
til
krossen i heimane dykkar. Lov meg at de korkje vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.september 1985 - Fredag
"
K
jære barn! I dag inviterer eg dykk om audmjukt
til
å etterleva alle bodskapane eg gjev dykk. Bli ikkje arrogante når de etterlever bodskapane ved å seia "eg etterlever bodskapane". Om de ber bodskapane i hjarto dykkar og etterlever dei, vil alle føle det slik at det ikkje er bruk for ord, som berre tener dei som ikkje vil lytte. De, kjære barn, treng berre å leva og vitne med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 3.oktober 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at de må takke Gud for all nåde som Gud har gjeve dykk. Takk og lovpris Herren for alle fruktene! Kjære barn, lær å takke for små ting og så vil de også bli i stand
til
å takke for dei store tinga. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.oktober 1985
"
K
jære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk
til
å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for meg. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle
til
det heilage slik at de kan gje det
til
andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 17.oktober 1985
"
K
jære barn! Alt har si eiga tid. I dag kallar eg dykk
til
å starte arbeidet med dykkar eigne hjarto. No når alt arbeidet på jordene er over finn de tid
til
å vaske
til
og med dei mest forsømte stadane, men hjarto dykkar let de vera. Arbeid meir og reingjer med kjærleik alle delane av hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.oktober 1985
"
K
jære barn! Frå dag
til
dag ynskjer eg å kle dykk med det heilage, det gode, det lydige og med Guds kjærleik, slik at de for kvar dag kan bli vakrare og meir klargjorde for Herren. Kjære barn, høyr etter og lev bodskapane mine. Eg ynskjer å leie dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.oktober 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk
til
arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.november 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk
til
å elske naboen dykkar og framfor alt om å elske dei det kjem vondskap frå. På den måten vil de med kjærleik bli i stand
til
å skjelne mellom formåla
til
hjartet. Be og elsk, kjære barn! Med kjærleik er de i stand
til
å gjera det de
til
og med trur er umuleg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.november 1985
"
K
jære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk
til
bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk
til
og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over kvart barn som kjem attende
til
meg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.november 1985
"
K
jære barn! Eg vil fortelja dykk at denne tida er særskilt for dykk frå soknet. Når det er sumar, seier de at de er veldig opptekne. No når de ikkje har arbeid på jordene, arbeid med dykk sjølve! Kom
til
messe, fordi dette er sesongen som er gjeven
til
dykk. Kjære barn, mange kjem regelmessig uansett vêr, fordi dei elskar meg og ynskjer å syne kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg ber dykk om å syne meg kjærleiken dykkar ved å koma
til
messe, så vil Herren løne dykk rikeleg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.november 1985
"
K
jære barn! Eg vil takke alle for alt de har gjort for meg, særleg ungdomen. Eg bønnfell dykk, kjære barn, om alltid å vera medvetne når de ber. Gjennom bøn vil de kjenne storleiken
til
Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.desember 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk
til
å førebu dykk
til
jul gjennom bot, bøn og friviljugt arbeid. Kjære barn, vær ikkje opptekne av materielle ting, for då blir de ikkje i stand
til
å oppleve jula. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.desember 1985
"
K
jære barn! Min invitasjon for jula er at me saman lovprisar Jesus. Eg gjev han
til
dykk på ein spesiell måte den dagen og eg inviterer dykk med meg
til
å prise Jesus ved Hans fødsel. Kjære barn, be meir og tenk meir på Jesus den dagen. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.desember 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg
til
å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du overgjev deg
til
Han. Særleg i jula vil eg gje mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.desember 1985
"
K
jære barn! Eg vil takke alle som har lytta
til
mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik. Overgjev hjarto dykkar
til
meg! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
...
25
Next>>