Medjugorje Budskapene containing 'satan'
Total found:
63
Budskapet, 12.juli 1984
"
K
jære barn! Desse dagane prøver
Satan
å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til
Satan
. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.juli 1984
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare korleis
Satan
arbeider. Eg er alltid med dykk, og vær ikkje redde for freistingar, for Gud passar alltid på oss. Eg har også gjeve meg sjølv til dykk, og eg sympatiserar med dykk til og med i den minste freisting. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.august 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be fordi
Satan
ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og overgjev dykk til Jesus i bøn.
"
Budskapet, 27.desember 1984
"
K
jære barn! Denne jula ynskte
Satan
på ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til
Satan
til og med på fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.januar 1985
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"
M
ine kjære barn!
Satan
er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje
Satan
ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt!
"
Budskapet, 17.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane arbeider
Satan
fordekt imot soknet, og de, kjære barn, har falle i søvn i bøn og berre nokre går til messe. Stå imot dagane med freisting! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet.
Satan
vil arbeide endå meir intenst for å ta bort gleda frå kvar og ein av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.februar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane gjev
Satan
seg til kjenne på ein spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at kvart initiativ frå
Satan
fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk så lenge for å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.mai 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til meir aktiv bøn og deltaking under Den Heilage Messe. Eg ynskjer de skal oppleve Gud i messene dykkar. Eg ynskjer særskilt å seia til unge menneske: Vær opne for Den Heilage Ande fordi Gud ynskjer å dra dykk til seg i desse dagane då
Satan
er aktiv. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.juni 1985 - Tysdag
"
E
g inviterer dykk til å oppmode alle om å be rosenkransen. Med rosenkransen vil de halde ut all motgang som
Satan
prøver å tilføre Den katolske kyrkja. Alle de prestar, be rosenkransen! Vie tida dykkar til rosenkransen!
"
Denne bodskapen er svaret som Marija Pavlovic fekk på følgjande spørsmål: Jomfru Maria, kva ynskjer du å seia til prestar?
Budskapet, 11.juli 1985
"
K
jære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at
Satan
trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.juli 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å plassere fleire velsigna objekt i heimane dykkar og at alle har noko velsigna på seg. Velsign alle ting og så vil
Satan
gå mindre til åtak på dykk, fordi de vil ha våpen mot han. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 1.august 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd.
Satan
har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 8.august 1985
"
K
jære barn! Særleg no i dag inviterer eg dykk til å ta opp kampen mot
Satan
med bøn.
Satan
vil kjempe endå meir no når de veit at han er i arbeid. Kjære barn, rust dykk for kamp og nedkjemp han med rosenkransen i hendene. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.august 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til bøn, særskilt fordi
Satan
ynskjer å misbruke avkastninga av vinåkrane dykkar. Be om at
Satan
ikkje lukkast i planen sin. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.september 1985
"
K
jære barn! I dag takkar eg dykk for alle bønene. Hald fram med å be endå meir slik at
Satan
held seg langt unna denne staden. Kjære barn, planen til
Satan
har mislukkast. Be om fullføring av det Gud planlegg i dette soknet. Eg takkar særskilt dei unge for offergåvene dei har gjeve. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.januar 1986
"
K
jære barn! Eg oppmodar dykk gjennom bønene dykkar til å hjelpe Jesus med å fullføre alle planane som han har lagt her. Gje dykkar offer til Jesus slik at alt kan bli fullført slik Han har planlagt det og at
Satan
ikkje får utretta noko. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 30.januar 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk alle til å be om at Guds planar for oss må bli realiserte, og at alt som Gud ynskjer gjennom dykk kan bli fullført! Hjelp andre med å bli omvende, særleg dei som kjem til Medjugorje. Kjære barn, lat ikkje
Satan
få kontroll i hjarto dykkar, slik at de blir ei etterlikning av
Satan
og ikkje av meg. Eg kallar dykk til å be slik at de kan bli vitne for mitt nærvær. Utan dykk kan ikkje Gud realisere det Han ynskjer. Gud har gjeve alle ei fri vilje, og de kontrollerer ho. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.juli 1986
"
K
jære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn til nokon eller noko.Eg kallar dykk til alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som
Satan
ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.august 1986
"
K
jære barn! De veit at eg lova dykk ein oase av fred, men de veit ikkje at ved kvar oase finst det ein ørken der
Satan
ligg på lur og ventar på å freiste kvar og ein av dykk. Kjære barn, berre ved bøn kan de vinne over innverknaden frå
Satan
på dykkar plass. Eg er med dykk, men eg kan ikkje ta bort fridomen dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
4
Next>>