Medjugorje Budskapene containing 'overgjev'
Total found:
10
Budskapet, 11.august 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be fordi Satan ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og
overgjev
dykk til Jesus i bøn.
"
Budskapet, 24.mars 1985 - Sundag
"
I
dag ynskjer eg å kalle dykk alle til skriftemål, sjølv om de har skrifta for nokre få dagar sidan. Eg ynskjer at de alle får oppleva festdagen min inni dykk. Men de kan ikkje oppleva det utan at de
overgjev
dykk fullstendig til Gud. Difor inviterer eg dykk alle til forsoning med Gud.
"
Budskapet, 23.mai 1985
"
K
jære barn! Desse dagane kallar eg dykk særskilt til å opne hjarto dykkar for Den Heilage Ande. Særskilt i desse dagane arbeider Den Heilage Ande gjennom dykk. Opne hjarto dykkar og
overgjev
liva dykkar til Jesus, slik at Han arbeider gjennom hjarto dykkar og styrkjer dykk i trua. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.desember 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg til å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du
overgjev
deg til Han. Særleg i jula vil eg gje mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.desember 1985
"
K
jære barn! Eg vil takke alle som har lytta til mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik.
Overgjev
hjarto dykkar til meg! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 17.april 1986
"
K
jære barn! De er opptekne av materielle ting, men i det materielle mistar de alt Gud har lyst til å gje dykk. Eg kallar dykk, kjære barn, til å be om gåvene til Den Heilage Ande, som de treng om de skal klare å vitne om mitt nærver her og alt det eg gjev dykk. Kjære barn,
overgjev
dykk til meg så eg kan vise dykk vegen. Bli ikkje opptekne av materielle ting. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.august 1986
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til å vera eksempel for andre i alt, særskilt i bøn og vitnesbyrd! Kjære barn, utan dykk kan eg ikkje hjelpe verda. Eg ynskjer at de samarbeider med meg i alt, sjølv i dei minste tinga. Difor, kjære barn, hjelp meg ved å lata bønene dykkar koma frå hjartet, og at alle
overgjev
seg fullstendig til meg. På den måten skal eg vera i stand til å lære og leie dykk på vegen som eg har begynt med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.september 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til bøn og faste. De veit, kjære barn, at med dykkar hjelp kan eg fullføra alt og tvinga Satan til ikkje å lokke til det vonde og å fjerna han frå denne staden. Kjære barn, Satan ligg på lur etter kvar person. Særleg i det daglege ynskjer han å spreie forvirring mellom kvar og ein av dykk. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til at dagane dykkar berre blir fylde av bøn og at de
overgjev
dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.november 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk med ekstra kjærleik til å oppfylle og følgje alle bodskapane som eg sender til dykk. Kjære barn, Gud ynskjer dykk ikkje lunkne og ubestemte, men at de
overgjev
dykk heilt til Han. De veit at eg elskar dykk og at eg brenn av kjærleik for dykk. Difor, kjære barn, bestem dykk for kjærleik slik at de dag ut og dag inn vil lengte etter å kjenne Guds kjærleik. Kjære barn, bestem dykk for kjærleik slik at kjærleiken får overtaket i dykk alle, ikkje menneskeleg kjærleik, heller Guds kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.desember 1986
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til å be ekstra i denne tida slik at de kan oppleva gleda ved å møte den nyfødde Jesus. Kjære barn, eg ynskjer at de skal oppleva desse dagane på same måte som eg. Med glede ynskjer eg å leie dykk og syne dykk gleda som eg ynskjer å føre kvar og ein av dykk inn i. Difor, kjære barn, be og
overgjev
dykk heilt til meg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose