Medjugorje Budskapene containing 'noko'
Total found:
9
Budskapet, 24.mai 1984
"
K
jære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når
noko
er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje
noko
til dei eller å ta
noko
som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.desember 1984
"
K
jære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje
noko
. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på itt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera
noko
konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.juli 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å plassere fleire velsigna objekt i heimane dykkar og at alle har
noko
velsigna på seg. Velsign alle ting og så vil Satan gå mindre til åtak på dykk, fordi de vil ha våpen mot han. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.januar 1986
"
K
jære barn! Eg oppmodar dykk gjennom bønene dykkar til å hjelpe Jesus med å fullføre alle planane som han har lagt her. Gje dykkar offer til Jesus slik at alt kan bli fullført slik Han har planlagt det og at Satan ikkje får utretta
noko
. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.mai 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å verkeleggjera kjærleiken i liva dykkar til Gud og dykkar medmenneske. Utan kjærleik, kjære barn, kan de ikkje gjera
noko
. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å leva i gjensidig kjærleik. Berre slik blir de i stand til å elske og akseptere både meg og alle dei rundt dykk. Alle vil kjenne min kjærleik gjennom dykk. Difor ber eg dykk frå i dag, kjære barn, om å starte å elske kvarandre med ein glødane kjærleik, kjærleiken som eg elskar dykk med. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.juli 1986
"
K
jære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn til nokon eller
noko
.Eg kallar dykk til alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som Satan ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 2.oktober 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn. De, kjære barn, er ikkje i stand til å forstå kor stor verdien av bøn er, så lenge de sjølve ikkje seier; no er det tid for å be, no er ikkje
noko
anna viktig for meg, no er ikkje nokon annan enn Gud viktig for meg. Kjære barn, vie dykk med kjærleik til bøn, slik at Gud blir i stand til å gje dykk nåde. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose