Medjugorje Budskapene containing 'meg'
Total found:
193
Budskapet, 25.juli 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk til å lytte til bodskapane mine, og så vil de bli i stand til å etterleva alt det Gud ber
meg
overføre til dykk. Opne dykk sjølve for Gud så vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å gje dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 1.august 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til
meg
, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for
meg
sjølv slik at eg kan halde fram med å gje dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 15.august 1985
"
K
jære barn! I dag velsignar eg dykk og eg ynskjer å fortelja dykk at eg elskar dykk, og at eg innstendig bed dykk om å etterleva bodskapane mine. I dag velsignar eg dykk med den høgtidelege velsigninga som Den Allmektige gev
meg
. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.september 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt til krossen i heimane dykkar. Lov
meg
at de korkje vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.september 1985
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for alle bønene. Eg takkar for alle offera dykkar. Eg ynskjer å be dykk, kjære barn, om å fornye bodskapane som eg gjev dykk. Etterlev særleg fasta, fordi de gjennom faste vil gje
meg
gleda med å sjå at heile planen, som Gud har planlagt her i Medjugorje, blir fullførd. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.oktober 1985
"
K
jære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for
meg
. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle til det heilage slik at de kan gje det til andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.november 1985
"
K
jære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar
meg
over kvart barn som kjem attende til
meg
. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.november 1985
"
K
jære barn! Eg vil fortelja dykk at denne tida er særskilt for dykk frå soknet. Når det er sumar, seier de at de er veldig opptekne. No når de ikkje har arbeid på jordene, arbeid med dykk sjølve! Kom til messe, fordi dette er sesongen som er gjeven til dykk. Kjære barn, mange kjem regelmessig uansett vêr, fordi dei elskar
meg
og ynskjer å syne kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg ber dykk om å syne
meg
kjærleiken dykkar ved å koma til messe, så vil Herren løne dykk rikeleg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.november 1985
"
K
jære barn! Eg vil takke alle for alt de har gjort for
meg
, særleg ungdomen. Eg bønnfell dykk, kjære barn, om alltid å vera medvetne når de ber. Gjennom bøn vil de kjenne storleiken til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 12.desember 1985
"
K
jære barn! Min invitasjon for jula er at me saman lovprisar Jesus. Eg gjev han til dykk på ein spesiell måte den dagen og eg inviterer dykk med
meg
til å prise Jesus ved Hans fødsel. Kjære barn, be meir og tenk meir på Jesus den dagen. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.desember 1985
"
K
jære barn! Eg vil takke alle som har lytta til mine bodskapar og som fyrste juledag etterlevde det eg sa. No når de er rensa frå synd, ynskjer eg å leie dykk framover i kjærleik. Overgjev hjarto dykkar til
meg
! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.januar 1986
"
K
jære barn! Også i dag kaller eg dykk til bøn. Bønene dykkar er nødvendige for
meg
slik at Gud kan bli herleggjord gjennom dykk alle. Eg ber dykk, kjære barn, om å lytte til og etterleva kallet frå Mor dykkar, fordi eg kallar dykk berre av kjærleik, slik at eg kan hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 30.januar 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk alle til å be om at Guds planar for oss må bli realiserte, og at alt som Gud ynskjer gjennom dykk kan bli fullført! Hjelp andre med å bli omvende, særleg dei som kjem til Medjugorje. Kjære barn, lat ikkje Satan få kontroll i hjarto dykkar, slik at de blir ei etterlikning av Satan og ikkje av
meg
. Eg kallar dykk til å be slik at de kan bli vitne for mitt nærvær. Utan dykk kan ikkje Gud realisere det Han ynskjer. Gud har gjeve alle ei fri vilje, og de kontrollerer ho. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 6.februar 1986
"
K
jære barn! Dette soknet, som eg har valt, er spesielt og annleis enn andre. Og eg gjev stor nåde til alle som ber med hjartet. Kjære barn, eg gjev bodskapane fyrst og fremst til innbyggjarane i soknet, og så til alle andre. Fyrst av alt må de akseptere bodskapane, og så dei andre. De skal stå til ansvar overfor
meg
og Sonen min, Jesus. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.mars 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å oppleva denne fastetida med dei små offera dykkar. Takk for alle offera de har kome med til
meg
. Kjære barn, lev slik heile tida og hjelp
meg
med kjærleik å bringe offer. Gud vil løne dykk for det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 27.mars 1986
"
K
jære barn! Eg ynskjer å takke dykk for alle offer, og eg kallar dykk til det største av alle offer, kjærleikens offer. Utan kjærleik kan de korkje godta
meg
eller Sonen min. Utan kjærleik kan de ikkje fortelja om erfaringane dykkar til andre. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å ta til å leva med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 17.april 1986
"
K
jære barn! De er opptekne av materielle ting, men i det materielle mistar de alt Gud har lyst til å gje dykk. Eg kallar dykk, kjære barn, til å be om gåvene til Den Heilage Ande, som de treng om de skal klare å vitne om mitt nærver her og alt det eg gjev dykk. Kjære barn, overgjev dykk til
meg
så eg kan vise dykk vegen. Bli ikkje opptekne av materielle ting. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 15.mai 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å gje
meg
dykkar hjarte, slik at eg kan endre det slik at det liknar på mitt. De spør, kjære barn, kvifor de ikkje kan svara på alt eg søkjer hjå dykk. Det er de ikkje i stand til fordi de ikkje har gjeve
meg
hjarta dykkar slik at eg kan endre det. De pratar, men gjer ikkje. Eg kallar dykk til å gjera alt det eg fortel dykk. På den måten vil eg vera med dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 22.mai 1986
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å gje dykk min kjærleik. De veit ikkje, kjære barn, kor stor kjærleiken min er, og de veit ikkje korleis de skal ta imot han. På forskjellige måtar ynskjer eg å syne kjærleiken til dykk, kjære barn, men de gjenkjenner han ikkje. De forstår ikkje orda mine med hjarta dykkar, og de er heller ikkje i stand til å forstå kjærleiken min. Kjære barn, godta
meg
i liva dykkar så vil de bli i stand til å akseptere alt eg seier til dykk, og som eg kallar dykk til. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 29.mai 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å verkeleggjera kjærleiken i liva dykkar til Gud og dykkar medmenneske. Utan kjærleik, kjære barn, kan de ikkje gjera noko. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å leva i gjensidig kjærleik. Berre slik blir de i stand til å elske og akseptere både
meg
og alle dei rundt dykk. Alle vil kjenne min kjærleik gjennom dykk. Difor ber eg dykk frå i dag, kjære barn, om å starte å elske kvarandre med ein glødane kjærleik, kjærleiken som eg elskar dykk med. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
Next>>