Medjugorje Budskapene containing 'kvart'
Total found:
6
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at
kvart
medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.februar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane gjev Satan seg til kjenne på ein spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at
kvart
initiativ frå Satan fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk så lenge for å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.april 1985
"
K
jære barn! I dag takkar eg dykk for kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg for
kvart
hjarte som blir opna for Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene for opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.juli 1985
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for
kvart
offer de har påteke dykk. Og no bønnfell eg dykk om å gje alle offer med kjærleik. Eg vil at de, dei hjelpelause, skal ta til å hjelpe med tillit, så vil Gud halde fram med å gje dykk i tillit. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.juli 1985
"
K
jære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå
kvart
individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.november 1985
"
K
jære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over
kvart
barn som kjem attende til meg. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose