Medjugorje Budskapene containing 'gje'
Total found:
31
Budskapet, 29.mars 1984
"
K
jære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem,
gje
dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.mai 1984
(Mange av dei truande var sjokkerte av den siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville
gje
fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"
E
g talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar!
"
Budskapet, 31.mai 1984
Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville
gje
ein bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.
Budskapet, 2.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil
gje
dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.juni 1984
Ingen bodskap, men jomfru Maria lova å
gje
ein laurdag.
Budskapet, 12.juli 1984
"
K
jære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å
gje
dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.oktober 1984
"
K
jære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil
gje
han til dykk. De skal berre be og Gud vil
gje
dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.januar 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de skal koma nærare Faderen og at Han alltid vil
gje
rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.februar 1985
"
K
jære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk for siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av fastetida vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å
gje
bodskapar. Gud tillet meg det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.mars 1985
"
K
jære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn,
gje
dei lyset! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.mars 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å halde fram med å
gje
bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.april 1985 - Zelený čtvrtek
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å
gje
bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å
gje
dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.juni 1985
"
K
jære barn! Fram mot årsdagen oppmodar eg dykk, soknet, til å be meir og å lata bønene dykkar vera eit teikn på overgjeving til Gud. Kjære barn, eg veit at de alle er trøytte, men de veit ikkje korleis de skal overgje dykk til meg.
Gje
dykk heilt og fullt over til meg gjennom desse dagane! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.juni 1985
"
K
jære barn! Til denne festdagen (årsmarkeringa) ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for han som er Herre for alle hjarto.
Gje
meg alle kjenslene dykkar og alle dykkar problem! Eg ynskjer å trøyste dykk i alle dykkar prøvingar. Eg ynskjer å fylle dykk med fred, glede og kjærleik frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.juli 1985
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for kvart offer de har påteke dykk. Og no bønnfell eg dykk om å
gje
alle offer med kjærleik. Eg vil at de, dei hjelpelause, skal ta til å hjelpe med tillit, så vil Gud halde fram med å
gje
dykk i tillit. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.juli 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å leie dykk, men de vil ikkje høyre på bodskapane mine. I dag kallar eg dykk til å lytte til bodskapane mine, og så vil de bli i stand til å etterleva alt det Gud ber meg overføre til dykk. Opne dykk sjølve for Gud så vil Gud arbeide gjennom dykk og halde fram med å
gje
dykk alt de treng. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 1.august 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at eg har valt dette soknet og at eg vernar det med hendene mine som om det var ein liten blome som ikkje ynskjer å døy. Eg kallar dykk til overgjeving til meg, slik at eg kan halde fram med å presentere dykk for Gud, friske og utan synd. Satan har teke delar av planen, og ynskjer å overta den. Be om han ikkje må lukkast fordi eg ynskjer å ha dykk for meg sjølv slik at eg kan halde fram med å
gje
dykk til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 26.september 1985
"
K
jære barn! Eg takkar dykk for alle bønene. Eg takkar for alle offera dykkar. Eg ynskjer å be dykk, kjære barn, om å fornye bodskapane som eg gjev dykk. Etterlev særleg fasta, fordi de gjennom faste vil
gje
meg gleda med å sjå at heile planen, som Gud har planlagt her i Medjugorje, blir fullførd. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.oktober 1985
"
K
jære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til å etterleva bodskapane i soknet. Eg ynskjer særskilt å kalle på ungdomen i soknet, som er kjære for meg. Kjære barn, om de lever etter bodskapane, lever de som heilage frø. Som Mor dykkar ynskjer eg å kalle dykk alle til det heilage slik at de kan
gje
det til andre. De er ein spegel mot andre! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.desember 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg til å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du overgjev deg til Han. Særleg i jula vil eg
gje
mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
Next>>