Medjugorje Budskapene containing 'for'
Total found:
531
Budskapet, 3.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane har Herren skjenka dykk stor nåde. Lat denne veka bli ei veke med takkseiing
for
all nåde Gud har gjeve dykk. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.januar 1985
"
K
jære barn! I dag vil eg takke dykk
for
alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære
for
hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.januar 1985
Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"
M
ine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje
for
eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt!
"
Budskapet, 17.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane arbeider Satan fordekt imot soknet, og de, kjære barn, har falle i søvn i bøn og berre nokre går til messe. Stå imot dagane med freisting! Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.januar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet. Satan vil arbeide endå meir intenst
for
å ta bort gleda frå kvar og ein av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 31.januar 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar
for
Gud, slik som vårblomane lengtar etter sola. Eg er mor dykkar og eg ynskjer alltid at de skal koma nærare Faderen og at Han alltid vil gje rikelege gåver til hjarto dykkar. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.februar 1985
"
K
jære barn! Desse dagane gjev Satan seg til kjenne på ein spesiell måte her i soknet. Be, kjære barn, at Guds plan blir sett ut i livet og at kvart initiativ frå Satan fører til ei lovprising av Gud. Eg har vorte hjå dykk så lenge
for
å hjelpe dykk gjennom prøvingane dykkar. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.februar 1985
"
K
jære barn! I dag er dagen då eg gjev dykk ein bodskap til soknet, men heile soknet tek ikkje imot bodskapane og etterlever dei ikkje. Eg er skuffa og eg vil at de, kjære barn, skal lytte til meg og etterleva bodskapane mine. Alle familiane må be familiebøner og lesa i Bibelen! Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.februar 1985
"
K
jære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk
for
siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av fastetida vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å gje bodskapar. Gud tillet meg det. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.februar 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å leva ordet denne veka: "Eg elskar Gud!" Kjære barn, gjennom kjærleik vil de oppnå alt - til og med det de trur er umuleg. Gud vil at dette soknet skal tilhøyre Han heilt. Og det ynskjer eg òg. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.mars 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å fornye bøna i familiane dykkar. Kjære barn, oppmuntre dei heilt unge til å be, og barna til å gå til Den Heilage Messe. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 14.mars 1985
"
K
jære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn, gje dei lyset! Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.mars 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært
for
meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 24.mars 1985 - Sundag
"
I
dag ynskjer eg å kalle dykk alle til skriftemål, sjølv om de har skrifta
for
nokre få dagar sidan. Eg ynskjer at de alle får oppleva festdagen min inni dykk. Men de kan ikkje oppleva det utan at de overgjev dykk fullstendig til Gud. Difor inviterer eg dykk alle til forsoning med Gud.
"
Budskapet, 28.mars 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk
for
at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær
for
hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn
for
bøn i familiane sine. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 4.april 1985 - Zelený čtvrtek
"
K
jære barn! Eg takkar dykk
for
at de har teke til å tenkje meir på Guds herlegdom i hjarto dykkar. I dag er dagen då eg ville slutte å gje bodskapane fordi nokre ikkje aksepterte meg. Soknet har vorte endra og eg ynskjer å halde fram med å gje dykk bodskapar på ein slik måte som det aldri har vorte gjort i historia - frå starten av verda. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 5.april 1985 - Langfredag, bodskap gjeven gjennom Ivanka
"
D
e soknebarn har ein stor og tung kross, men vær ikkje redde
for
å bera han. Sonen min er med dykk og Han vil hjelpe dykk.
"
Budskapet, 11.april 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å seia til alle i soknet at de må be på ein særskild måte om visdom frå Den Heilage Ande. Frå i dag vil Gud prøve soknet på ein spesiell måte slik at Han kan styrkje det i trua. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.april 1985
"
K
jære barn! I dag takkar eg dykk
for
kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg
for
kvart hjarte som blir opna
for
Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene
for
opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.april 1985
"
K
jære barn! I dag vil eg be dykk om å ta til å arbeide i hjarto dykkar, på same måten som de arbeider ute på jordene. Arbeid og endre hjarto dykkar slik at ein ny ande frå Gud kan få sin plass i hjarto dykkar. Takk
for
at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
...
27
Next>>