Medjugorje Budskapene containing 'fastetida'
Total found:
5
Budskapet, 22.mars 1984
"
K
jære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i
fastetida
, på ein særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem.
"
Budskapet, 21.februar 1985
"
K
jære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk for siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av
fastetida
vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å gje bodskapar. Gud tillet meg det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.februar 1986
"
K
jære barn! Denne
fastetida
er ei spesiell oppmoding for dykk til å endre dykk. Start frå no av. Slå av fjernsynet og fornekt andre ting som ikkje har nokon verdi. Kjære barn, eg kallar kvar og ein av dykk til omvending. Denne tida er for dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 20.februar 1986
"
K
jære barn! Den andre bodskapen i denne
fastetida
er at de fornyar bøna framføre krossen. Kjære barn, eg gjev dykk særskild nåde, og Jesus gjev dykk særskilde gåver frå krossen. Ta imot dei og opplev dei! Tenk på Jesu pinsle og forein dykk med Jesus i liva dykkar! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.mars 1986
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å oppleva denne
fastetida
med dei små offera dykkar. Takk for alle offera de har kome med til meg. Kjære barn, lev slik heile tida og hjelp meg med kjærleik å bringe offer. Gud vil løne dykk for det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
To compare Medjugorje messages with another language versions choose