Medjugorje Budskapene containing 'den'
Total found:
252
Budskapet, 8.mars 1984
"
T
akk for at de svara på mitt kall! Kjære barn, de i soknet, omvend dykk. Det er mitt andre ynskje. På
den
måten vil alle som kjem hit bli i stand til å omvende seg.
"
Budskapet, 29.mars 1984
"
K
jære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis
Den
Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem, gje dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 10.mai 1984
(Mange av dei truande var sjokkerte av
den
siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville gje fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"
E
g talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar!
"
Budskapet, 2.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at
Den
Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.juni 1984 - Laurdag
"
K
jære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be
den
Den
Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 19.juli 1984
"
K
jære barn! Desse dagane har de fått erfare korleis Satan arbeider. Eg er alltid med dykk, og vær ikkje redde for freistingar, for Gud passar alltid på oss. Eg har også gjeve meg sjølv til dykk, og eg sympatiserar med dykk til og med i
den
minste freisting. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 18.oktober 1984
"
K
jære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat
den
vera på ein synleg stad slik at denalltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.oktober 1984
"
K
jære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk
den
nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 1.november 1984
"
K
jære barn! Idag kallar eg dykk til fornying av bøn i heimane ykkar. Arbeidet på jordene er over. Vie dykk no til bøn. Lat bøn få
den
fyrste plassen i familiane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 8.november 1984
"
K
jære barn! De er ikkje medvetne på bodskapane som Gud sender dykk gjennom meg. Han gjev dykk stor nåde og de forstår det ikkje. Be til
Den
Heilage Ande om klarsyn. Om de berre visste kor stor nåde Gud gjev dykk, ville de be utan opphald. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 13.desember 1984
"
K
jære barn! De veit at
den
gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på itt kall.
"
Budskapet, 20.desember 1984
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til
den
gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 7.mars 1985
"
K
jære barn! I dag ber eg dykk om å fornye bøna i familiane dykkar. Kjære barn, oppmuntre dei heilt unge til å be, og barna til å gå til
Den
Heilage Messe. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 21.mars 1985
"
K
jære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når
den
Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 28.mars 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke
den
største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 11.april 1985
"
K
jære barn! I dag ynskjer eg å seia til alle i soknet at de må be på ein særskild måte om visdom frå
Den
Heilage Ande. Frå i dag vil Gud prøve soknet på ein spesiell måte slik at Han kan styrkje det i trua. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 9.mai 1985
"
K
jære barn! Nei, de veit ikkje kor stor nåde Gud gjev dykk. De ynskjer ikkje å koma lenger framover i desse dagane når
Den
Heilage Ande verkar på ein særleg måte. Hjarto dykkar er vende mot jordiske ting og dei okkuperer dykk. Vend hjarto dykkar mot bøn og be om at
Den
Heilage Ande må bli tømd ut over dykk. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 16.mai 1985
"
K
jære barn! Eg kallar dykk til meir aktiv bøn og deltaking under
Den
Heilage Messe. Eg ynskjer de skal oppleve Gud i messene dykkar. Eg ynskjer særskilt å seia til unge menneske: Vær opne for
Den
Heilage Ande fordi Gud ynskjer å dra dykk til seg i desse dagane då Satan er aktiv. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 23.mai 1985
"
K
jære barn! Desse dagane kallar eg dykk særskilt til å opne hjarto dykkar for
Den
Heilage Ande. Særskilt i desse dagane arbeider
Den
Heilage Ande gjennom dykk. Opne hjarto dykkar og overgjev liva dykkar til Jesus, slik at Han arbeider gjennom hjarto dykkar og styrkjer dykk i trua. Takk for at de har svara på mitt kall.
"
Budskapet, 25.juni 1985 - Tysdag
"
E
g inviterer dykk til å oppmode alle om å be rosenkransen. Med rosenkransen vil de halde ut all motgang som Satan prøver å tilføre
Den
katolske kyrkja. Alle de prestar, be rosenkransen! Vie tida dykkar til rosenkransen!
"
Denne bodskapen er svaret som Marija Pavlovic fekk på følgjande spørsmål: Jomfru Maria, kva ynskjer du å seia til prestar?
To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
...
13
Next>>